Velkommen til Jubileumskoret!

I høve det storslåtte 150-årsjubileet har vi gleda av å invitere deg til å bli med i vårt prosjektkor. Dette blir ein unik moglegheit til å vere saman og feire gjennom musikk og song.

Velkommen til Jubileumskoret!

Vi vil saman med Sotra Reviderte skape magiske augneblikk og markere denne milepælen på ein minnerik måte på jubileumsgudstenesta 29. september i Fjell kyrkje.

Vi ynskjer alle, uansett tidlegare erfaring, hjarteleg velkomen til å vere med. Anten du er ein erfaren korsongar eller berre elskar å syngje i dusjen, er dette koret for deg! Alt vi ber om er at du kan orientere deg i eit notebilete.

Øvingane vil gå føre seg i eit inkluderande, sosialt og inspirerande miljø, og vi lover at dette blir ei oppleving du seint vil gløyme.

Kom og bli med på ei stemningsfull feiring, og bli ein del av jubileet gjennom musikk og song. Velkommen til Jubileumskoret – vi gler oss til å syngje saman med deg!

Korøvingar:

  • tysdag 27. august 19.00-21.30
  • tysdag 3. september 19.00-21.30
  • tysdag 10. september 19.00-21.30
  • tysdag 17. september 19.00-21.30
  • tysdag 24. september 19.00-21.30

Korøvingane og gjennomføringa vert leia av kyrkjemusikar Solveig Karoline Flekstad Vik. Har du spørsmål, kan du kontakte Solveig på tlf. 980 85 465.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"