Fjell kyrkje 150 år - jubileumsveke

Fjell kyrkje fyller 150 år i år! Og dette feirar vi med jubileumsveke frå laurdag 21. september til søndag 29. september. Dei fleste aktivitetane er gratis,  vi tek imot kollekt.

Fjell kyrkje 150 år - jubileumsveke

Les meir om alle arrangementa på skjerikyrkja.no

Laurdag 21. september

Kl. 14: T8 Pilegrimsvandring frå Morland til Fjell kyrkje for alle 3. klassingar (meir info og påmelding her)
Kl. 15: Familiedag med jubileumsaktivitetar - Mellom anna grilling, hesteriding og lykkehjul! Kl. 17 får vi besøk av klovnane Tipp og Topp inne i kyrkjerommet.

Søndag 22. september

Kl. 11: Familiegudsteneste med kyrkjekaffi, det blir fleire flotte barnekor og alle fire-åringar som har vore med på 4-årsklubb får diplom denne dagen.
Kl. 12.30: Opning av jubileumsutstilling
Kl. 19: Gospelsøndag - Allsongkveld med band og forsongarar. Kapellmester: Lars Erik Lotsberg.

Tysdag 24. september

Kl. 11: Pilegrimsvandring frå Morland til Fjell kyrkje ved Gerd Lie Nygaard.

Onsdag 25. september

Kl. 12: Felles jubileumstreff for alle sokna i Øygarden. Det blir song, andakt, middag og foredrag
Kl. 18.30: Temakveld om kristenrett og landslov ved Egil Morland og Torgeir Landro

Torsdag 26. september

Kl. 19: FRED - en messe, ved Gospelcompagniet og band frå Bergen. Dirigent, pianist, komponist og arrangør er Terje Kleppe. 

Fredag 27. september

Kl. 19: JubelTweens med besøk av Ruben Gazki, ordføraren og Gospelteens! Det blir god mat, qiuz og lykkehjul. 

Laurdag 28. september

Kl. 17 (ny tid): Konsert med Renate Ekerhovd og Øygarden kulturskule. Ein kveld med musikalske høgdepunkt frå både musikal- og operaverda, og dessutan norsk musikk av Grieg, Grøndahl m.fl. Ei oppleving fylt med magi for både store og små!

Søndag 29. september

Kl. 11: Jubileumsgudsteneste! Felles gudsteneste for alle dei fem sokna i Øygarden, så vi håper kyrkja blir fylt til randen. Det blir nattverd og mange kjente salmar. Eit utvida Sotra Reviderte deltar og Øygarden kyrkjebrass skal vere med å spele. Etter gudstenesta blir det helsingar og kyrkjekaffi.
Kl. 20: Babettes gjestebod. Ragnhild Gulbrandsen fortel Karen Blixens novelle Babettes gjestebud, ei forteljing om raushet og kjærleik til livet. Billetter på TicketCo

Tysdag 1. oktober

Kl. 15.30: Ungdomsarrangement i samarbeid med Bildøy Bibelskole, med middag og diverse aktivitetar som kajak, frisbeegolf, og fotballturnering med meir på bibelskulen. 
Kl. 19.30: Avslutter dagen med ungdomsmøte i Fjell kyrkje

Laurdag 19. oktober

Kl. 16: Jubileumsbasar med mange flotte gevinstar!

 

Det er open kyrkje frå 23. september til 29. september kl. 11-18
Søndag 22. september kl. 13-17 og søndag 29. september kl. 14-17.
Kom innom kyrkja og sjå på jubileumsutstillinga!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"