God nok!

- Verdifull for den du er og ikkje på grunn av kva du presterer-

En hvit plakat henger ute på en dør på baksiden av Landro med teksten God nok døra

I desember 2022 fekk Landro kyrkjelyd innovasjonsmidlar frå Kyrkjerådet til det diakonale prosjektet “God nok.” Prosjektet varer fram til sommaren-24. Landro skule, som ligg rett ved kyrkja, er hovudsamarbeidspartnaren vår.

God nok blir leia av diakon Torunn Nateland Utvær i nært samarbeid med helsesjukepleiar på Landro skule. Frivillige pensjonerte pedagogar er også med på prosjektet. Tilbodet er livssynsope.  

Gjennom “God nok” vil me bidra inn i arbeidet med livsmeistring for barn på mellomtrinnet. Hovudfokuset er å styrkja den psykiske helsa til barn og unge og gi dei gode verktøy for å meistre ungdomstida. Me vil skapa trygge gode møteplassar der barn kan oppleva eit godt fellesskap, byggja trygge gode relasjonar til andre barn og vaksne og erfara meistring.  

Tre barn sitter tett og ser i salmeboka

Ein dag i veka har me aktivitetar som:

- Jente- og gutegrupper som elevane er med på i skuletida. Gruppene blir leia av diakon og helsesjukepleiar. Her tek me opp aktuelle tema innan psykisk helse, som for eksempel sjølvbilete og sjølvtillit, vennskap, mobbing og utanforskap. 

-«Etter skuletid.» Vi er i kyrkja der me har eit varmt måltid med tid til god prat rundt bordet. Me er mange vaksne, både tilsette og frivillige, og dette gir oss moglegheiter for å sjå den enkelte. Me har aktivitetar der me samarbeider og har det kjekt saman. Me tenner lys i lysgloben, speler bordtennis, biljard og andre spel i kyrkjekjellaren. Framover vil me også gå på turar og ha fleire aktivitetar ute i kyrkjehagen og i nærmiljøet.

Ønsket er at innovasjonsprosjektet også skal bidra til å styrkja kyrkja i lokalsamfunnet, og samarbeid med lokale aktørar er sentralt i prosjektet.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"