Bønndøgn i Blomvåg kyrkje

17. mars vart det halde bønndøgn i Blomvåg kyrkje. Frå midnatt til midnatt sat menneske i bønnerommet og bad for landet vårt, kommunen vår, kyrkjene våre og mykje meir.

Publisert:

Bønndøgn i Blomvåg kyrkje

Bakgrunnen for bønndøgnet er ein landsdekkjande bønestafett gjennom heile 2026. Frå 1. januar til 31. desember går ulike kyrkjelydar og trussamfunn over heile Noreg saman i bøn for landet. Den 17. mars var det Hjelme og Blomvåg sokn som hadde ansvar for bøna.

Det var laga i stand eit eige bønnerom for dei som hadde bønnevakt. Her var det mellom anna lagt fram salmebok, forslag til bønneemne, ei bok der ein kunne skrive inn eigne bønneemne og tente lys. Det var 40 personar innom dette rommet i løpet av eitt døgn. Mange gav uttrykk for stor takksemd over å få vere med. Også dei som tok bønnevakter midt på natta, opplevde dette som meiningsfullt og godt.

To damer sitter på hver sin stol inne i et rom og ber

Gjennom dagen var det fleire samlingar i kyrkja. Dagen starta med morgonmesse med andakt, husband og nattverd, og deretter fellesskap rundt frukost. Seinare kom ein barnehage på besøk til kyrkja. Så på ettermiddagen vart det halde familiebønnesamling med bønnevandring og lystenning, og ungdomsteamet framførte eit dramastykke for barna. På kvelden var det lovsongskveld.

Mange menneske var innom kyrkja i løpet av dagen, og bønndøgnet vart ei sterk og samlande oppleving for alle som deltok.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"