Trass i regn og vind fann mange vegen til kyrkja, og stemninga inne var både varm og hyggeleg. Espen prest delte forteljingar og bilete frå tida si som misjonær og prest i Thailand, ei spennande og lærerik tid. Ellen diakon leia samlinga på ein trygg og inkluderande måte, godt støtta av dei frivillige som sørgde for både servering og praktisk hjelp. Ein fin føremiddag med gode samtalar, smil og fellesskap.
Triveleg føremiddagstreff ein haustdag i oktober
Regn og vind stoppa ingen denne dagen! Mange fann vegen til kyrkja for ein triveleg føremiddag med forteljingar frå Thailand, gode samtalar og varm kaffe i godt lag.
Publisert:
