Gospel Teens skapte stemning i Hjelme kyrkje

Det vart ein innhaldsrik gudsteneste i Hjelme kyrkje 16. november. Det er ein tradisjon at me har gospelgudsteneste i november som avslutning på leiren for konfirmantane. Gospel Teens både song og leia kyrkjelyden i ei spesialtilpassa gospelliturgi.

Publisert:

Gospel Teens skapte stemning i Hjelme kyrkje

Kvar einaste stol og benk i kyrkja vart teken i bruk, og rundt 350 menneske var til stades. For fyrste gong i manns minne vart fire born døypte i same gudstenesta i Hjelme. Dåpsfølgjet som gjekk inn i prosesjon, var både vakkert og høgtidsstemt.

inne i en kirke står presten fremme og taler, mennesker sitter tett i tett på stoler

I november rettar kyrkjelyden merksemda mot dei forfølgde kristne, og dette var òg tema for gudstenesta. Ein kunne tru at forfølging av kristne høyrer fortida til, men slik er det ikkje. Det vert rekna med at så mykje som éin av sju kristne opplever forfølging på grunn av trua si, til saman kring 380 millionar menneske. Dei siste åra har det òg vore ei sterk auke i slik forfølging. I fleire land er det forbode å eiga ein bibel eller å gå på gudsteneste, og mange tør ikkje seia at dei er kristne av frykt for angjevarar. Likevel held dei fast på trua på Jesus og står fram som sterke førebilete for oss. Me må halda fram kampen for trusfridomen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"