Gjennom både ord og tonar vart bodskapen om Jesus delt på ein lun og inderleg måte, noko som skapte ei varm og nær stemning i kyrkja. Publikum let seg engasjere, og Mikael bidrog spesielt til å skape god stemning gjennom kvelden.
Under ein av songane vart diakonmedarbeidar Ellen Ebbesvik utfordra til å bli med og synge saman med Mikael på ein av songane, noko som vart godt teke imot av dei frammøtte. Alt i alt vart det ein vellukka kveld, og ein sit att med eit ønskje om å få desse musikarane tilbake ved eit seinare høve.

