Komiteen hadde fått inn mange flotte gevinstar, og til slutt på messa vart dei 127 loddbøkene lodda ut.
Soknerådsleiar Arne Bakke finn grunn til å takka mange:
«Eg har gleda av å gratulere med ein flott gjennomført julemarknad også i år. I år etter år har eldsjelene bak dette arrangementet stått på og laga fine julemesser.
Takk til alle som bidrog. Takk til dei som gav gevinstar, handlaga eller kjøpte, for baking og for strikking av handarbeid av ymse slag. Takk til hjelparane som stod for førebuing og gjennomføring av festen; de som stiller år etter år.
Stor takk til dykk som møtte fram og kjøpte lodd, kaker og graut, og gjorde dette til ein fest. Takk òg til dykk som tok lodd i bøkene, men ikkje kunne koma på festen. Aller størst takk til komiteen. Det ligg månader med førebuing, administrering og arbeid i forkant av julemessa. Det kom inn over 100.000 kroner, som går til kyrkjelydsarbeid av ymse slag.»


