Vi starta med måltidsfellesskap, der menyen var pølser i brød. Praten gjekk lett, og stemninga var god. Ein god gjeng med frivillige medarbeidarar bidrog på ein flott måte. Desserten tok vi ute i sola seinare.
Stjernekoret hadde ein flott minikonsert i kyrkjerommet. Som alltid gler dei oss som lyttar, med si ekte formidling. Å høyre dei klare barnestemmene og dei fine tekstane, og å sjå engasjementet i augo til barna, rører oss.





Torunn, diakonen, hadde ord for kvelden. Ho snakka om vår unike verdi og hadde hengt opp ein lapp på ein spegel der det stod: «Her ser du det aller finaste Gud har skapt.» Både små og store gjekk ein runde og fekk sjå seg sjølve i spegelen med desse orda i tankane. Det var sterkt å sjå blikk og forsiktige smil når kvar og ein såg sitt eige spegelbilete.
Så bar det ut i sola for å ha sporløype. Vi gjekk i grupper og fann 11 ulike postar rundt kyrkja og innom den fine, nylaga stien i kyrkjeparken. Det var ulike aktivitetar, spørsmål frå Bibelen og andre oppgåver å løyse. Det vart kasting av vassballongar og frisbee, hopping med tau og mykje anna kjekt. Engasjementet var stort.






Til slutt kunne alle nyte ein is i sola før vi samla oss til ei kort avslutning i kyrkjerommet. Heilt til sist fann alle ei hand å halda i, og vi gjekk rundt i rommet og ut i våpenhuset medan vi song velsigninga for kvarandre.
Takk for eit fint halvår saman. No ser vi fram til ein ny haust med gode fellesskap!