Siste helg i oktober blir kulturhuset på Rong opna for ein ny Øygardssong-festival med kjende og kjære songar frå bedehus og kyrkje. Syng saman med Morten Samuelsen frå Rogaland og ei rekkje lokale artistar, kor og musikarar. No er billettane lagt ut for sal.
Meir info på oygardssong.no
Program
Fredag 27. oktober
- kl. 19.00 - 21.00 Den store allsong kvelden med Morten Samuelsen og husband, leia av Gustav Landro. Fri entre. Det tas opp kollekt.
Laurdag 28. oktober
- Kl. 11:30 Songkafe på Rong Senter: Møt Morten Samuelsen og høyr hans personlege historie. Fri entre.
- kl. 18.00 Allsong kveld. Øyvind Blom, Katrine Skjold, Tore Hjalmar Sævik med Band saman med Morten Samuelsen. Andakt- Maria Tveten
kl. 21.00 Konsert med gospelkoret Lokal vokal.
Billettar til allsongkvelden og konserten kjøpes hos Checkin. Totalt Kr. 250.-
Søndag 29. oktober
- Kl. 11.00 Familiegudsteneste leia av Espen Tveten. Morten, Lyskastaren og Gospelteens deltek. Nattverd.
Vårt ynskje er at Øygardssong kan vere til inspirasjon og oppmuntring både for einskildmenneske i trua og til dei lokale kyrkjelydane i dei mange kristne fellesskap lokalt og regionalt.
Vi som står som arrangørar er ei gruppe ildsjelar som brenn for å dele trua vidrare gjennom song og musikk. Øygardssong er ein eigen organisasjon som er oppretta av tre av kyrkelydane i regionen: INRI-kyrkja, Den norske kyrka i Øygarden og Vik bedehusforening.