Treng du nokon å snakke med?

I periodar i livet kjenner vi på vanskar som det kunne vore godt å snakke med nokon om. Det kan vera utfordringar i kvardagslivet, sorg, sjukdom, vanskelege val, spørsmål om tvil og tru, eller andre ting. Vener og familie kan ofte vera oss til hjelp når livet er strevsamt, men einskilde ting kan det vera lettare å snakke opent om med nokon andre enn dei næraste. 

To damer sitter mot hverandre og hun ene smiler lett.

Diakonane og prestane har både utdanning og erfaring i det å snakke med menneske i ulike livssituasjonar og vi vil gjerne vera ein samtalepartnar. Vi har tid til å lytte og toler å høyre. I kyrkja kan du dele, spørje, undre, klage, gråte eller le, ja kome med det du er opptatt av. Det er plass til heile livet, slik det er. Vi ynskjer å gå nokre skritt saman med deg og fremje håp og livsmot når livet utfordrar. 

Våre tilbod er gratis. Alle våre tilsette har teieplikt. 

Ønsker du å snakke med nokon, kan du kontakte våre tilsette, så kan vi finne eit tidspunkt som passer. Trenger du å kontakte nokon utanom arbeidstid, i helgen eller om natta, kan du ringe Kirkens SOS på telefon 22 40 00 40. Du kan også sende mail via deira nettside, www.kirkens-sos.no 

Sorggrupper: Vi vil gjerne starta opp sorggrupper frå november. Om du er interessert i å delta i sorggruppe, meld din interesse ved å sende mail til Astrid Fylling: af226@kyrkja.no

Soknebod: Det kan og vera at du er sjuk og ikkje kjem deg ut av huset og kjenner på saknet etter å vera saman med andre truande og å dele nattverden. Ta kontakt dersom du ynskjer at ein diakon eller prest skal koma heim til deg og halde nattverd. Du kan også ta kontakt dersom du ynskjer skriftemål.

Her kan du lese meir om kyrkjas tilbod innan samtale og sorg. 

 

Chat med ein prest eller diakon

I chatten til Den norske kyrkja får du snakke med ein prest eller diakon.

Finn chatten og dens opningstider her.

Prestane og diakonane våre er her for deg når du vil snakke. Chatten er gratis og anonym. Det blir stilt ingen krav til kva du trur på, meiner og kjenner – her er det rom for deg og vi har teieplikt.

 

Snakk med ein studentprest

Den norske kyrkja har studentprestar tilgjengeleg for samtale for deg som er student. Studentprestane har teieplikt og har tid til å snakke med deg om det du tenkjer på. Det er gratis.

Finn kontaktinformasjon til ein studentprest nær deg her.

Studentprestane er over heile landet. Du kan møte ein prest fysisk ved ein høgskule eller eit universitet eller ta kontakt på e-post eller telefon. Nokre studentprestar tilbyr også chat.

 

 

 

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"