Melodi: William Shrubsole 1779
Lov Jesu namn og herredom,
høgenglar i hans slott!
Ber krona fram med hyllings ljom,
og kron han, kron han, kron han,
kron han allheims drott!
Du vitneflokk i himmelkor
som tolmods krans har nått,
kved kongskvad for den Herre stor,
og kron han allheims drott!
Du frelste hær av Adams ætt,
løyst ut av naud og nott,
pris han som nåde gav for rett,
og kron han allheims drott!
Kvart folk i kvar ei heimsens bygd
her under soltjeld blått,
gjev han åleine herrehøgd,
og kron han allheims drott!
Ja, gjev me med Guds kvite hær
av all vår hug og hått
syng songen ny for Herren kjær,
for Jesus, allheims drott!