Melodi: Olav Sande 1906/1926
Himmelske Fader, herleg utan like!
Til alle stader når ditt store rike.
Stjerner du styrer og alt liv som yrer,
alt ned til mauren i mold.
Mannsbarnet ville du i nåde verna,
miskunn og milde tér du oss så gjerna,
fører som Fader fram i lange rader
borni du vann ved din Son.
Sonen du sende som vår Frelsar trugen.
Alle som vende heilt til honom hugen,
deim han òg frelsar og som sysken helsar,
leier deim fram til ditt fang.
Fader, du sæle, høgt i himmel-stova!
Med barnemæle me ditt namn vil lova.
Takk, at du ville med ein faders milde
taka oss til dine born!