Søndag 08.februar kl. 11.00 inviterer vi til karnevalsgudsteneste i Indre Sula kyrkje. Her er det lov å kle seg ut for både vaksne og barn, men det er sjølvsagt lov å kome akkurat som ein er også:-). Barnekoret Blessing deltar, og 1.klassingane får utdelt 1.klasseboka si i løpet av gudstenesta.
Etter gudstenesta blir det utvida kyrkjekaffi med ulike karnevalsaktivitetar, og det blir også tombola til inntekt for misjonsprosjektet vårt. Vi håper og trur dette blir ein festdag som start på fastetida, akkurat slik eit karneval skal vere.
Velkomen!
(PS! Karneval, eller fastelaven som vi ofte kallar det her i Norge, er egentleg ikkje før søndag 15.februar, men på grunna av vinterferien så tar vi det altså søndag 8.februar.)
