Fasteaksjonen 2021 - Bli kjent med seksbornsmora Susan Miyambo

For seksbarnsmora Susan Miyambo (35) var reint vatn berre ein fjern draum. Alt vatnet ho trong til mat, drikke og klesvask måtte ho henta i ei skitten elv.

Brønnen i Kasalaulo i Zambia er rett utanfor huset til seksbarnsmora. Tilgang til reint vatn har forandra livet hennar. Ho kan mellom anna bruka mykje meir tid på å dyrka kassava og mango.

Tekst: Anette Torjusen

Me er i landsbyen Kasalaulo i Zambia, i eit område der fleire tusen flyktningar frå Kongo har søkt tilflukt. Her bur Susan saman med dei seks borna sine i eit lite hus med strå på taket.

Tunge kanner

Med høner som flaksar rundt beina hennar, eit barn på armen og eit som held i skjørtekanten, fortel ho om timelange gåturar for å henta vatn før dei fekk reint vatn til landsbyen.

- Mangel på vatn ga oss mange helseproblem. Elva var vår næraste vasskjelde, og den var både skitten og full av bakteriar. Me var veldig ofte sjuke, fortel ho.

Alternativet var å gå langt med tunge kanner. Fleire timar måtte ho bruka for å henta reint vatn. Det var det ikkje alltid tid til med seks born å ta seg av. Difor vart vatnet frå elva ofte den enklaste løysinga. Vatnet ho vaska klede i, drakk, bada borna i og lagde mat med. Vatnet ho delte med dyr og insekt.

- Me måtte gå store avstandar for å koma til vasskjelda, og det var vanskeleg for familien min å få til det, forklarar ho.

Brønn som endra alt

Susen tar oss med inn i huset sitt der dei er mange på liten plass. Litt av plassen er sett av til oppbevaring av fisk og den populære grønsaka, kassava, som smakar nesten som potet.

- Her ser du litt av inntekta mi, smiler ho. For sal av både fisk og kassava gjev ekstra pengar til storfamilien.

Ho peikar på dei fargerike vasskannene som står ved matlagingsplassen.

- No treng me ikkje lenger å gå langt for å henta vatn. Takka vere Kirkens Nødhjelp har me fått reint vatn i landsbyen. Det er vi så takksame for.

Landsbyen, med sine 1753 innbyggjarar, er ein av dei mange landsbyane som har fått tilgang til vatn av Kirkens Nødhjelp. Våren 2018 bora me ein brønn. Det er viktig for oss at heile landsbyen får eigarskap til vassystema vi byggjer. Difor samarbeider me tett med våre lokale partnarar og vassingeniørar.

Innbyggjarane er med på å tilretteleggja og vel ein eigen komité som vedlikeheld og har ansvar for vassforsyninga.

For Susan er det no berre ein kort tur til brønnen som er omringa av kanner klare til fyllast opp.

- No kan eg gje familien min reint vatn. Det er eg så glad for.

Men sjølv om Susan ikkje lenger er bekymra for å bli sjuk av skittent vatn, har ho ei anna stor bekymring. Ei bekymring ho deler med resten av verda: Covid-19.

- Eg er redd for å bli smitta når mange av oss er samla, og eg er redd for barna sine og mitt eige liv. Covid-19 er verkeleg og utgjer ein fare for oss alle.

Spesielt er ho bekymra for lange køar ved vasspumpa. For i landsbyen er det mange som set pris på reint og trygt vatn, og etterspurnaden er difor stor.

- Mi oppmoding er at det vert bora endå fleire brønnar for å møta etterspurnaden, slik at endå fleire får tilgang til reint vatn, og me kan ha god avstand for å unngå smitte.

 

Avhengig av hjelp for å hjelpa

For at Susan og andre skal få reint vatn, trengst det hjelp frå oss. Også i 2021 skal frivillige over heile Noreg vera med på Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon og samla inn pengar til brønnboring, latrinebygging og andre tiltak som reddar liv i fattige lokalsamfunn ute i verda.
Verda står framleis overfor ein pandemi som rammar oss alle på ulike måtar. Kirkens Nødhjelp har nått ut til over 2,4 millionar menneske med koronaførebyggande tiltak sidan mars 2020, takka vere deira innsats og bidrag.

Seksbarnsmora Susan Miyambo trudde aldri at ho skulle få reint vatn, men no som ho har fått det, kan ho bruka meir tid saman med borna sine.

Du kan bidra digitalt til årets innsamlingsaksjon, ved å senda ei gåve til kontonummer 1594 22 87493, eller VIPPS til 2426, eller sms VANN til 2426 (250,-)

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"