5. desember er den Internasjonale dagen for frivilligheit. Her i Sula sokn har vi mange dyktige og trivelege frivillige medarbeidarar som hjelper til i gudstenestene og på andre arrangement. Vi er utruleg takksame for den innsatsen de gjer! Tusen hjarteleg takk til kvar og ein <3
Vårt juleønske i år er å kunne få ønske velkomen til endå fleire frivillige som kan vere med og skape gode opplevingar i kyrkjene våre! For vi ønsker jo at kyrkjene og felleskapet skal være for alle, med lav dørterskel og høgt under taket. Rett og slett - ein stad å høyre til - der du kan komme å være, men også få bidra med din kunnskap og erfaring om du skulle ønske det.
Som frivillig i kyrkja kan du til dømes:
- vere kyrkjevert (lage til kyrkjekaffi, ønske velkomen i døra m.m),
- bidra på korøvingar og ved andre samlingar for barn og unge
- delta i misjonsgruppa for Stefanusbarna eller i kyrkjeklubben
-vere medhjelpar i gudstenestene (t.d. tekstlesing og nattverdsutdeling)
Ein kan bidra 1-3 ganger i semesteret eller oftare. Det er heilt opp til deg. Opplæring blir gitt.
Om dette kan vere noko for deg, ta kontakt med diakon Ingvild Snipsøyr (kontaktinformasjon under)
Givarteneste i kyrkja
Ein anna måte å bidra inn i kyrkjelyden, utan å ta på seg ei frivillig oppgåve, er å gi gjennom vår givarteneste. Då støttar du kyrkja lokalt og det arbeidet vi driv. Du kan finne meir informasjon om dette her.
Sjå gjerne filmane vi har lagt ut som kan vise deg litt korleis det er å være frivillig i kyrkja.
Med ønske om ei velsigna god julehøgtid og alt godt for det nye året!
Hjarteleg tusen takk til våre kjære frivillige - frå Sula sokn.
