Trusopplæringa i Sula er delt inn i tre hovud fasar: 0-3 år, 3-12 år og 12-18 år. Kateket, kyrkjelydspedagog, diakon, prestane og kantor samarbeider om gjennomføringa av dei ulike tiltaka, men kvar fase har ein hovudansvarleg.
Sula kommune er ei kommune i vekst og ei nabokommune til Ålesund. Kommunen har eit folketal på ca. 9000, og kommune og sokn har same grenser. Her er vakker natur og av den grunn rikt høve til friluftsliv. I kommunen er det 4 kommunale og 5 private barnehagar, 3 barneskuler og ein ungdomsskule. I Sula sokn lysast no ut ei 100 % stilling som kateket. Oppstart snarast. Den som vert tilsett vil arbeide i team med dei andre undervisningsstillingane, og arbeidsfordelinga vert sett opp i lag med dei.
Arbeidsoppgåver:
- Konfirmantundervisning og leie kyrkjelyden sitt konfirmantarbeid
- Leie og vere fagleg ansvarleg for kyrkjelyden sitt trusopplærings- og undervisningsarbeid for barn og unge
- Organisere og delta i planlegging og gjennomføring av samlingar og gudstenester der barn og unge er ei serskild målgruppe
- Leie kyrkjelyden sitt samarbeid mellom kyrkje, barnehage og skule
- Rekruttering og oppfølging av frivillige i trusopplæringa
- Ein må rekne med noko kvelds- og helge-jobbing
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning /utdanning i samsvar med Tenesteordning for kateket i DNK.
- Søkarar som har utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk eller annan relevant utdanning vil også bli vurdert.
- Ønskeleg med kristendom fagleg kompetanse og erfaring frå barne- og ungdomsarbeid/trusopplæringsarbeid i kyrkjelyd
- Søker må være medlem av den norske kyrkja og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag.
- Må beherske norsk skriftlig og muntlig
Personlege eigenskapar:
- Erfaring frå undervisning og/eller kristent barne- og ungdomsarbeid
- Gode pedagogiske og administrative evner
- Gode evner til samarbeid og planlegging
- Gode evner til formidling, kommunikasjon og relasjonsbygging
- Engasjert for arbeid med undervisning og trusformidling til born og ungdom.
- Evne til å ta initiativ, vere kreativ, raus og inkluderande
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr:
- Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer i tverrfagleg stab
- Varierte arbeidsoppgåver i trivelege omgjevnader
- Spennande og allsidige arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter gjeldande tariff i den norske kyrkja
Søknadsfrist: 11. august 2023.
Opplysningar om stillinga kan ein få ved Sula kyrkjekontor tlf. 70 19 96 00.
Informasjon om Sula kyrkjelyd er også tilgjengeleg på heimesida vår: kyrkja.no/sula
Attestar og vitnemål må takast med ved eventuelt intervju.
Det vert kravd framlagt politiattest ved tilsetting.