Konfirmasjonar hausten 2020

Første og andre helga i mai skulle vi feira konfirmasjonar i kyrkjene våre på Sula. Slik vart det ikkje. Vi vil takke for at de har vist forståing for at vi var nøydd til å utsette feiringa til hausten. Dei nye datoane for konfirmasjonar, hausten 2020 er no publisert (29.04.20 kl.11:30).

Foto: Bo Mathisen

Førstkommande og neste helg skulle vi feira konfirmasjonar i kyrkjene våre på Sula. Slik vart det ikkje. Vi vil takke for at de har vist forståing for at vi var nøydd til å utsette feiringa til hausten.

Alle konfirmantforeldre/føresette skal no ha mottatt informasjon om nye datoar per e-post.

Konfirmasjonane er utsett til desse datoane:
• Laurdag 19. september
• Søndag  20. september
• Laurdag 26. september
• Søndag  27. september
• Laurdag 17. oktober

Praktisk gjennomføring
Vi må ta høgde for at det også til hausten vert restriksjonar på kor mange som kan vere i lag i samme lokale. Vi planlegg difor å gjennomføre mange gudstenester per dag, med ei inndeling av konfirmantane i mindre grupper.

Både inndelinga og tidspunkt for gudstenestene kjem vi tilbake til når vi veit kva reglar som gjeld til hausten. Ein må rekne med at nokon får andre tidspunkt enn dei først var sett opp på, og at det kan bli både tidligare og seinare enn normalt på alle dagane.

Det kjem nok også til å bli ei begrensning på antal gjester som kan vere med kvar konfirmant i kyrkja. Her vil vi følge restriksjonane som Helsedirektoratet og Sula kommune har på det gjeldande tidspunktet. Det er vanskeleg å seie noko om dette no, men som ein peikepinn kan det til dømes bli slik at 5 konfirmantar vert konfirmerte i lag, og at det er 9 gjestar som får vere med kvar konfirmant. Dette gjeld hvis restriksjonane ligg på maks 50 personar i same lokale, MEN dette kan endre seg. De vil få beskjed om dette når det nærmar seg.

Konfirmasjons-gudstenestene vil bli noko kortare enn vanleg. Dette er fordi vi må ha mange fleire gudstenester enn vi brukar, og for å rekke alle må vi korte ned noko. Vi ynskjer å lage flotte gudstenester sjølv om dei vert annleis, og vi vil gjere det vi kan for at opplevinga skal bli god både for konfirmanten, familie og gjestar.

Gjennomføring av kappeprøving og fotografering vil vi komme tilbake til seinare.

Konfirmasjonar berre i Langevåg kyrkje
Grunna smittevern for både konfirmantar, familie og ansatte vil vi mest sannsynlig bli nøydde til å ha alle konfirmasjonane i Langevåg kyrkje. Dette gjeld da også dei som skulle vore i Indre Sula kyrkje.
I Langevåg er forholda betre egna for å kunne halde god avstand, og å kunne gjennomføre reinhald mellom gudstenstene. Vi forstår at dette ikkje er ideelt for dei som bor på indre, men i den situasjonen vi er i må vi gjere det vi kan for å kunne gjennomføre konfirmasjonane forsvarleg for alle.

Dette er ein spesiell situasjon for oss alle. Vi gjer ting vi ikkje har gjort før, og planlegg for noko vi ikkje veit korleis kjem til å bli. Difor håper vi alle vil vere rause og fleksible. Vi skal, frå vår side, gjere det vi kan for at det blir så gode løysingar som mulig for alle.

Ta gjerne kontakt med kateket Barbro per e-post thobar@sula.kommune.no eller telefon 40848921, eller ring kyrkjekontoret på 70199600 om de lurer på noko.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"