I år er allehelgen 5.-6. november. Dette er helga då kyrkjer over heile landet har opne kyrkjer for dei som har mista nokon. Under open kyrkje kan ein komme for ei stille stund, for lystenning, for musikkmeditasjon eller for ein samtale.
I Sula kyrkjelyd har vi open kyrkje laurdag 05.11 frå klokka 13.00 til 16.00 i både Indre Sula kyrkje og Langevåg kyrkje.
Våre medarbeidarar deler ut lys med en invitasjon til å dele ei bøn på kyrkjas digitale bønevegg, og til å tenne eit lys for håpet og saknet av ein kjær.
Om det er behov for sorgsamtale og eventuelt deltaking i sorggrupper – så kan ein melde sitt behov på eige skjema i kyrkjene under open kyrkje laurdag 05.11 og vi tek kontakt i etterkant for oppfølging i høve sorgsamtaler og vidareformidling i høve sorggrupper.
Ønska av mange
Open kyrkje over heile landet allehelgen blei gjennomført første gang i 2019. Ei undersøking utført i etterkant av allehelgen for tre år sidan, viste at 1,7 millioner nordmenn ønska at kyrkjene er opne oftare.
Kyrkjelydane sitt tilbud allehelgen og elles i året står oppført i https://skjerikirken.no/ eller på Sula sokn si heimeside – kyrkja.no/sula.