Kyrkja sin digitale bønevegg på kyrkja.no/be: På bøneveggen kan du tenne lys og be bøner, synlege for oss sjølv og for andre. Vi kan dele gleder og sorger med kvarandre. Bøneveggen viser kyrkja sin fellesskap gjennom bøn. Skriv ei bøn eller tenn eit lys, eller gjer begge deler, med mobil, nettbrett eller pc. Bøneveggen er alltid open, men alle bøner blir lest gjennom før publisering.
Les tekstar, be og chat på nettkyrkja.no: Hjå nettkyrkja kan du chatte med prestar og diakonar om det du har på hjartet. Desse er gode samtalepartnarar og er pålagt teieplikt. I tillegg kan du be bøner og tenne lys. Oppdaterte opningstider ligg her.
Samtale, melding eller chat hos Kirkens SOS: Kirkens SOS har dyktige frivillige for samtale, om alt som skjer i livet. På grunn av smittesituasjonen har dei noko redusert kapasitet, og det kan vere lenger kø. SOS Telefon er ope frå 07.00 til 03.00, SOS Chat er ope frå 18.30-22.30 og SOS Melding garanter svar innan 48 timer.
Samtale med nokon nær deg: Sjølv om kyrkja sine aktivitetar er avlyst, er dei kyrkjeleg tilsette på jobb. Kyrkja sine tilsette har lang erfaring med å snakke med menneske i glede og sorg. Ta kontakt med din lokale kyrkjelyd om du ynskjer samtale! Nokre tilbyr å kome på besøk, medan andre tilbyd telefonsamtalar, videosamtalar eller chatting.
Skriv inn di adresse i søket under for å finne kontaktinfo til ei kyrkje nær deg!