Kjærleiksbenken” kom frå Slidreøya fengsel til prestgarden no!
For ei glede.
Takken har ikkje ord.
Benken betyr mykje for meg som prest her. Håpet er at den vil bety noko for fleire i fortsettelsen…..ved å sitje på han, tenkje ulike tankar om kva kjærleik er, kanskje til og med samtale om kjærleiken i våre liv….
På julemarknaden kan du prøvesitje benken, åleine eller saman ned nokon og kan hende kjenne litt på kva du tenkjer kjærleik er. Velkomen!
Om “Kjærleiksbenken”:
Han er RØD - kjærleiksfarga og blodet vårt som er og gir liv.
Dei tre hjarto - står for tro, håp og kjærleik.
- Og størst blant dei er kjærleiken
Benken minner meg kvar dag på at fengselet, de innsatte og tilsette heile tida høyrer til her i bygda.
Dei er ein del av oss. Vi er eit stor VI.
Og - ikkje minst:
- Vi har alle vegar å gå.
- Vi har alle ulike vegar som har ført oss hit vi no er.
- Vi skal alle gå vidare.
- Framover er retninga.
- I og med kjærleik!