Høgt og fritt ligg Røn kyrkje ca. 1 km. opp frå Røn sentrum med utsyn mot Nord-Aurdal og Vang. Kyrkja vart vigsla i februar 1749, og er opprinneleg ein lafta bygning.
Ho vart bordkledd og måla utvendig i åra kring 1860, og restaurert og kledd innvendig i 1908. Døypefonten er truleg sett saman av to forskjellige døypefontar frå mellomalderen og er av kleberstein. Ein kan tenkje seg at dette er arv frå ei eller kanskje to gamle kyrkjer i same området. I våpenhuset står ein stavkyrkjeplanke, truleg frå stavkyrkja på Fystro. Datert til 1200-talet.
Lomen sokneråd 2023 - 2027:
Marianne Tuvmarken, leiar
Espen Solsten Før, nestleiar
Johanna Fuglesteg
Anne Marie Snortheimsmoen
Ole Martin Ringen
Britt Helen Moe
Ådne Geicke Kolbjørnshus