– Håp trivst best i fellesskapet

Ei fullsett Kongsberg kyrkje, der mellom anna Kronprinsparet deltok, minna dei fem som vart drepne denne veka. Biskop Jan Otto Myrseth heldt preike om at vi må søkje saman når livet er vanskeleg.

Kronprinsparet deltok på sørgegudsteneste i Kongsberg, sundag 17. oktober. Biskop i Tunsberg Jan Otto Myrseth heldt preika. Foto: NTB/Terje Pedersen.

Kongsberg var samla for å minne dei fem som vart drepne i det brutale angrepet tidlegare denne veka. Den vakre Kongsbergkyrkja var fylt av alle som ville vere med å minne dei omkomne. Kronprinsparet deltok på gudstenesta, saman med mellom anna justisminister Emilie Enger Mehl og statsforvaltar i Viken Valgerd Svarstad Haugland. 

Gudstenesta vart leia av sokneprest Reidar Aasbø, og i tillegg deltok prost Roar Tønnesen og diakon Inger-Johanne Frogh. Musikken vart leia av kantor Kristin Flatland Solbu, som hadde fått god hjelp av lokale musikarar og songarar. 

– Vi treng kvarandre

Biskop i Tunsberg bispedøme Jan Otto Myrseth heldt preika. Han oppmoda til å søkje saman og hjelpe kvarandre gjennom sorgen. – Fordi vi treng kvarandre, og difor treng vi påminninga om at vi høyrer saman. Særleg når vi har stått ansikt til ansikt med dødens mørke. 

– Håpet trivst best i fellesskapet, medan håpløysa har best vilkår for vekst i einsemd og isolasjon, sa han.

Ord vert fattige

Oussama Tlili er leiar for Moskeen på Kongsberg. I si helsing til Kongsberg minna han om at ord vert fattige når tragedier rammar brått og tilfeldig. – Våre tankar og bøner går til dei etterlatne og berørte, til befolkninga i Kongsberg og heile Noreg.

Mot slutten av gudstenesta vart namna på dei fem lest opp, representantar frå naudetatane, helsevesenet og kriseteamet i kommunen tente lys. 

Gudstenesta vart sendt direkte på NRK1, og det er høve til å sjå opptak i nettspelaren NRK TV. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"