– Viktig å markere Holocaust-dagen

27. januar er den internasjonale dagen for å minnes ofra for Holocaust. Dagen er ei årleg påminning om at kampen mot jødehat og antisemittisme må fortsette.

– Holocaust-dagen er ei påminning om å sjå etter alle teikn, verbale og fysiske, til antisemittisme i vår tid og i vårt samfunn, seier preses Olav Fykse Tveit. Her avbileta på Kyrkjemøtet i 2023. (Foto: Den norske kyrkja).

– Etter Holocaust vart det sagt «aldri meir», men diskriminering og hat mot jødar tok ikkje slutt. Tvert i mot, vi ser no ei auke i antisemittisme i mange land, også i Noreg. Difor er det viktig å markere Holocaust-dagen.

Det seier preses Olav Fykse Tveit som er den leiande biskopen i Den norske kyrkja. 

27. januar 1945 vart konsentrasjonsleiren Auschwitz frigjeve. FN har difor valt denne datoen for å markere folkemordet på meir enn seks millionar jødar og fleire hundre tusen menneske av ulike minoritetar, under 2. verdskrigen.  

– Holocaust-dagen er viktig for at vi aldri skal gløyme denne grufulle historia. Men dagen er og ei påminning om å sjå etter alle teikn, verbale og fysiske, til antisemittisme i vår tid, og i vårt samfunn, slik at vi kan motverke all diskriminering og hat.

Fykse Tveit understrekar at det er heile samfunnet sitt ansvar å sørge for at det er trygt å vere jøde i Noreg i dag.  

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"