Nasjonaldagen 17. mai er ein stor festdag i bygd og by. Hipp, hipp, hipp hurra!
Over heile landet inviterer kyrkja til gudstenester og markeringar. Besøk skjerikyrkja.no eller søk opp lokalkyrkja si nettside eller sosiale medier for å finne ut kva som skjer der du bur.
17.mai-gudsteneste på NRK Radio
NRK sender gudsteneste på radio kl 12.03. Festgudsteneste frå Nidarosdomen i Trondheim. Gudstenesta er eit gjenhøyr fra grunnlovsdagen i 2019, og dåverande domprost, Ragnhild Jepsen, held preika.
Høyr gudstenesta på NRK P1+, i radioappen eller din DAB-radio. Trykk her for å lytte til gudstenesta i NRK Radio på nett her.
Finn gudsteneste på skjerikyrkja.no
Skjerikyrkja.no er nettstaden der du lett kan finne ut kva som skjer i kyrkja der du bur. Her er det meir enn 600 gudstenester og arrangement på nasjonaldagen.
Du kan bla gjennom alle arrangement, velje kommune eller søke i søkefeltet. Trykk her for å opne skjerikyrkja.no og å sjå kva som skjer på 17. mai!
Be dagens bøn for 17. mai
I Den norske kyrkja finst det ei unik bøn for kvar merkedag gjennom året og dagane i kyrkjeåret. Du kan vere med å be bøna for 17. mai.
Nådige Gud, takk for landet vi bur i, for grunnlova vår og fridomen.
Vi bed deg: Lat namnet ditt vera heilagt blant oss. Vak over landet vårt, vern oss mot hovmod og lær oss å vera gjestfrie.
Gje alle folk og nasjonar på jord eit verdig liv i fridom og fred, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve.
Amen.
På kyrkja.no/be kan du tenne eit lys eller skrive ei bøn på den digitale bøneveggen.