35 år som kongepar

Kong Harald og Dronning Sonja har vore Noregs kongepar sidan 17. januar 1991. – Den norske kyrkja ber for «Kongen og hans hus», og ynskjer dei til lukke med jubileet, seier preses Olav Fykse Tveit.

Publisert:

Dronning Sonja og Kong Harald har vore Noregs kongepar i 35 år. (Foto: Kimm Saatvedt, Det kongelege hoff).
Dronning Sonja og Kong Harald har vore Noregs kongepar i 35 år. (Foto: Kimm Saatvedt, Det kongelege hoff).

I dag er det 35 år sidan HM Kong Harald V og HM Dronning Sonja vart kongeparet i Noreg.

Saman yter dei ein stor innsats for å oss alle. Kongens valspråk «Alt for Norge» får stadig ny meining, meiner preses Olav Fykse Tveit:

– For kvart år som går vert vi stadig meir imponerte over deira vilje til å fylle sine roller med verdiar og førebilete som landet og nasjonen treng: I talar og i prioriteringar, i møter med alle folk, overalt, og i alle aldrar i landet vårt.  

Fykse Tveit peikar på at Kong Harald si tilknytning til Den norske kyrkja er meir enn ein formalitet.

– Til dømes reiser han ved kvar vigsling av ny biskop til det aktuelle bispedømmet og gjer dette til høgtid og viktige milepælar for kyrkja, men også for den aktuelle landsdelen. Det er ein stor verdi for oss alle å ha eit slikt kongepar.

Den norske kyrkja ønskjer Kongen og Dronninga hjarteleg til lukke med jubileet.

– Vi ber for «Kongen og hans hus» i våre gudstenester, og takkar spesielt for deira teneste ved dette høvet, seier Fykse Tveit.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"