Erkebiskop av Nidaros heidra i Roma

Den nest siste erkebiskopen i Nidaros, Erik Valkendorf, vart heidra på dagen 500 år etter at han døydde. På markeringa i Roma deltok både norske katolikkar og lutheranerar.

Frå avdukinga i Roma. Frå venstre: Ambassadør Johan Vibe, preses Olav Fykse Tveit, katolsk biskop i Nidaros, Erik Varden og rektor Michael Max

– Erik Valkendorf fylte bispeembetet med kontinuitet og fornying, sa preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit under makeringa. 

Fykse Tveit peika mellom anna på Valkendorf sitt omfattande arbeid med liturgiske bøker. Han tok også intiativ til å reparere og restaurere oktagonen rundt høgalteret i Nidarosdomen.

– Dette er ei av dei mest synlege fruktene frå hans leiarskap og arbeid. 

Minnetavla er betalt av Trondheim katolske stift og Nidaros bispedøme. Det er eit marmorverksted i Italia som har laga minnetavla til minne om Valkendorf. På minnetavla står det mellom anna: "Han spredte, full av iver for Kristus, den katolske tro, lærte sitt folk og be, og vek ikke for kongens griskhet.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"