- Noko av det som foreiner kristne rundt om i verda er at vi alle ber til Gud. Vi har ulike bønetradisjoner og bønespråk, men tilbedinga og relasjonen til Gud er den same. Vi ber for kvarandre, takker Gud når noko godt hender oss eller andre, og vi grét saman til Gud når sorga rammer, seier internasjonal direktør i Kyrkjerådet Berit Hagen Agøy.
I høve bøneveka kan du få med deg gudstenester og bønnestunder frå ulike kyrkjer og kyrkjesamfunn over heile Noreg kvar kveld klokka 19 på Norges Kristne Råd sine Facebooksider. Temaet for årets bøneveke er Bli i min kjærlighet, og dere skal bære mye frukt. (Sml. Joh 15,5-9).
- Forbønn knyt oss saman med dei vi ber for, og slik bidrar den økumeniske bøneveka til å styrkje felleskapet mellom ulike kyrkjesamfunn og mellom kristne i alle land, seier Berit Hagen Agøy.