«No trengst alle gode krefter», sa statsråd Espen Barth Eide, som skal forhandle på vegne av den norske regjeringa på COP26, klimatoppmøtet i Glasgow. I kyrkjene ber vi for dei som har dette store ansvaret dei neste vekene. Her er ei bøn alle kan vere med å be, heime og i kyrkjene.
Be denne bøna for klimatoppmøtet
Bøna er skrive av preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit.
Tekst uten bilete ligg nedst i artikkelen.
Bøn for klimatoppmøtet
Livets Gud,
du som har skapt himmel og jord,
ditt skaparverk, vår heim,
du som har skapt oss
og alle andre skapningar -
og som heldt alt dette ved lag:
Livets Gud,
la alle barn og barnebarn
få mot på si framtid,
til å leve og arbeide
for ei rettferdig verd
på den eine kloden.
Livets Gud,
gi visdom og vilje,
klokskap og krefter,
innsikt og idear,
samhandling og semje
om det som må til!
Sjå i nåde til oss!
Amen.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.