Ekstra støtte til låginntektsfamiliar

Den norske kyrkja får meir enn fire ekstra millionar frå regjeringa. Pengane skal gå til arrangement, matposar og julegåver til vanskelegstilte i advent, jul og nyttår.

Den norske kyrkja får ekstra midlar frå regjeringa som skal gå til arrangement i juletida og på nyåret, utdeling av matposar til familiar og julegåver til born. (Illustrasjonsfoto: Sven-Erling Brusletto / Den norske kyrkja)

– Det er gledeleg at regjeringa ser innsatsen til trussamfunna for menneske i vanskelege situasjonar, seier kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen.

Regjeringa gjev 4,125 millionar kroner til Den norske kyrkja som skal gå til vanskelegstilte til jul og nyttår. 

Organisasjonar som Norges Kristne Råd, Kirkens bymisjon og Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn (STL) får også støtte til dette. Midla skal nyttast til arrangement i juletida og på nyåret, utdeling av matposar til familiar og julegåver til born.

– Den norske kyrkja har eit breitt sosialt arbeid som kan bidra også i denne situasjonen.

I 2022 vart det rapportert inn 3150 ulike sosiale og diakonale tilbod i kyrkjelydar over heile landet. Det var ein oppgang på 20 prosent frå året før.

Oppmoding til næringsliv og kommunar

Kyrkjerådsdirektøren fortel at Kyrkjerådet vil fordele tilskotet ut til 25 kyrkjeleg fellesråd. Fellesråda som får pengar er vald på bakgrunn av storleik og statistikk om born i familiar med vedvarande fattigdom i kommunen.

Samtidig kjem Vad Nilsen med oppmoding til næringsliv og kommunar om å bidra saman med kyrkja.

– Den norske kyrkja har mykje å bidra med. I tillegg til ekstra drahjelp frå regjeringa vil eg oppmode alle kommunar og næringsliv om å ha dialog med kyrkja lokalt om korleis vi best kan bidra for folk som har det vanskeleg.

Kyrkjeleg fellesråd i desse kommunane får støtte: Arendal, Asker, Bergen, Bodø, Bærum, Drammen, Elverum, Fredrikstad, Halden, Kongsvinger, Kristiansand, Larvik, Lillestrøm, Moss, Nordre Follo, Oslo, Sandefjord, Sandnes, Sarpsborg, Skien, Stavanger, Tromsø, Trondheim, Tønsberg og Ålesund.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"