Fotoutstilling om diakoni opna

— Denne fotoutstillinga viser at diakonien er ein av dei beste måtane å skape meir himmel på jorda. Det sa Ingrid Vad Nilsen, direktør i Kyrkjerådet, til folkemengda som hadde samla seg på Rådhusplassen i Oslo fredag ettermiddag.

Utstillinga er open for publikum fram til 9. juni. Foto: Den norske kyrkja / Kyrkjerådet



Fotoutstilling på Rådhusplassen

Seks fotografar frå seks diakonale organisasjonar har fotografert menneske i ulike livssituasjonar. Resultatet er utstillinga «Gi oss en drøm vi kan tro på», som opna på Rådhusplassen 26. mai. Målet med utstillinga er å vise fram spennvidden i kva diakoni kan vere. 

Namnet på fotoutstillinga er henta frå Lars Saabye Christensen sitt dikt med same tittel, som er skrive til utstillinga. Forfattaren las sjølv opp diktet ved opninga.

Kva er diakoni

— Diakoni er kristendom i praksis. Det er nestekjærleik, sa Ingrid Vad Nilsen i sin tale ved opninga.

Ho understreka at vi alle har eit oppdrag i å vise Guds kjærleik i praksis gjennom handlingane våre.

Oslo-ordførar Marianne Borgen trakk fram dei frivillige si rolle: 
— Som ordførar kan eg ikkje uttrykke nok kor takknemleg eg er for innsatsen til desse organisasjonane. Det diakonale arbeidet ville ikkje vore mogleg utan alle dei som gir av tida si, sa Borgen, og takka samstundes alle dei frivillige.

Dei seks organisasjonane og fotografane er:

  • Kirkens Bymisjon ved fotograf Torstein Ihle
  • Frelsesarmeen ved fotograf Mette Randem
  • Kirkens Nødhjelp ved fotograf Håvard Bjelland
  • Stiftelsen Signo ved fotograf Elisabeth Moe
  • Den norske kyrkja ved fotograf Malin Longva
  • Diakonhjemmet ved fotograf Pål A. Berg

Du kan oppleve utstillinga på Rådhusplassen i Oslo fram til 9. juni. Deretter reiser fotoutstillinga vidare til Olavsfest i Trondheim der du kan sjo ho ved Nidarosdomen frå 28. juli til 3. august.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"