Kvar søndag framover vil du kunne skru på TV-en og følgje direktesendt gudsteneste på NRK. Det er seks kyrkjelydar som vil byte på å vere vertskap.
Du kan følgje gudstenesta på NRK TV, anten i appen eller NRK 1. Vil du høyre gudstenesta på radio må du skru på NRK P1+.
Seks ulike kyrkjelydar
Førre søndag var det Filadelfiakirken Drammen som inviterte til gudsteneste, og denne søndagen er det Byåsen kyrkjelyd i Trondheim. Vidare er det Lura kirke i Sandnes, Finnsnes kirke i Senja, Foldnes kyrkje i Øygarden og Jessheim Kirke i Ullensaker.
I midten av oktober går NRK saman med den finske rikskringkastaren YLE, og viser fellesnordisk gudsteneste frå Åland i Finland.
Vingardssøndagen
I gudstenesta er Eirik Rogdaberg er organist. Han har med seg Eirik Mauno Olsen som solist og Skogen Sällström på hardingfele.
Denne søndagen er kalla vingardssøndagen i kyrkjeåret. Det er sokneprest Steinar Leirvik som leier gudstenesta og som vil halde preika. Preiketeksta står i Johannesevangeliet, kapittel 19 vers 27-30.
Då tok Peter til orde og sa: «Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg. Kva skal vi få?» Jesus sa til dei: «Sanneleg, eg seier dykk: Når alt skal fødast på nytt og Menneskesonen sit på kongsstolen sin i herlegdom, då skal de òg, som har følgt meg, sitja på tolv troner og dømma dei tolv Israel-stammane. Og alle som har forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld, skal få det att hundre gonger og arva evig liv. Men mange som er dei første, skal bli dei siste, og dei siste skal bli dei første. (Henta frå bibel.no)
Velkomen til gudsteneste på TV og radio!