– Dei kyrkjelege instansane har gjort eit grundig arbeid med høyringa, seier direktør i Kyrkjerådet Ingrid Vad Nilsen. – No skal vi lese høyringssvara og lage eit samandrag av høyringa – og så startar arbeidet med å sjå kva som er mogelegheitene for ei ny kyrkjeleg organisering.
I juni vedtok Kyrkjerådet å sende Müller-Nilssen-utvalet sin rapport Samhandling i en selvstendig folkekirke – ny kirkelig organisering på høyring. Høyringsfristen var 1. desember for dei kyrkjelege instansane. Offentlege instansar hadde frist for å svare 15. oktober.
Det har kome inn over 1200 høyringssvar. Oppteljinga så langt viser svar frå 821 sokneråd, 184 fellesråd og 112 eittsokns fellesråd. I tillegg har bispedømeråd, biskopar, fleire arbeidstakarorganisasjonar og enkeltpersonar sendt inn høyringssvar. Du kan lese alle høyringssvara på denne sida.
Stort materiale
Det er eit stort materiale som har kome inn i høyringa. Høyringa inneheldt totalt 48 spørsmål, og mange av desse var utforma som fritekstspørsmål. Det vart mellom anna spurt om kva som er fordelar og ulemper med å etablere eit prostifellesråd, modell for dagleg leiing og biskopen si rolle.
– Høyringsinstansane har svart godt og grundig, seier kyrkjerådsdirektøren, som fortel at arbeidet med å lage oppsummering av høyringa alt er i gang.
Prinsippvedtak i 2022
Kyrkjerådet vil etter planen få høyringsoppsummeringa til behandling på sitt møte i februar. Rådet vil så førebu sak til Kyrkjemøtet i september 2022, som skal gjere eit prinsippvedtak om framtidig organisering av Den norske kyrkja.
– Spørsmålet om kyrkjeleg organisering har vore stilt i over 20 år. No er målet å få til eit breitt forlik på Kyrkjemøtet, slik at tilsette, folkevalde og frivillige kan bruke tid på å vere kyrkje, avsluttar Vad Nilsen.
Før høyringssvara vert publisert må dei verte lest gjennom for personopplysingar og sett i system. Grunna stort datamateriale tek dette lenger tid enn venta, men det vil bli lagt ut etterkvart som det er klart.