Preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, er gjest i NRK Radio, i programmet "Gjest i P1+". I programmet snakkar Fykse Tveit om nokre av sine favoritt-julesongar og om kvifor dei rører han, og mykje anna.
Programmet "Gjest i P1+" vart sendt første gang på NRK P1+ kl. 20.03 på julaftan. Det går i reprise kl. 16.03 på 1. juledag. Ved å trykke på lenka under kan du høyre sendinga på internett.