Preses: – Krigen må ta slutt

Under besøket til søsterkyrkjer i Palestina og Israel forrige veke kom Olav Fykse Tveit tettare på dei som lever med dei katastrofale hendingane som media formidlar til oss kvar dag. – Det viktigaste av alt no er at denne krigen stansar.

Olav Fykse Tveit er preses i Den norske kyrkja. Foto: Den norske kyrkja / Bo Mathisen.

Preses Olav Fykse Tveit skriv på si Facebook-side

Krigen må ta slutt!

Og det må starte med våpenkvile.

Under besøket til våre søsterkyrkjer i Palestina og Israel forrige veke kom vi tettare på dei som lever med dei katastrofale hendingane som media formidlar til oss kvar dag. Det viktigaste av alt no er at denne krigen stansar. Kvar dag vert uskuldige påført enorme og uopprettelege skader på kropp og sjel. Ein kan lure på om dei som overlever på Gaza, vil overleve traumene dei no får. Gisla må bli frigjort. Det palestinske folk må få sleppe desse åtaka mot sitt sårbare liv. Menneskeverdet og vår humanitet står på spel.

Vi må vise empati med alle som er traumatiserte dei siste månadane. Heile det israelske samfunnet er traumatisert av 7. oktober. Møte med enkeltmenneske i Øst-Jerusalem og på Vestbreidda viser kor sterkt ramma også dei er, og dei er prega av angsten for kva som kan skje dersom uroen og valden der aukar. Økonomien og tryggleiken deira er sterkt redusert. Dagleg får dei meldingar om at vener og familiemedlemmer er drepne på Gaza, at heimane deira er bomba i stykkjer, mange barn er skada eller drepne, det er ingen stad som er trygg. Denne humanitære katastrofa kan ikkje verda og menneskeheten berre sjå på.

Uansett kva som vert konklusjonen i den internasjonale domstolen i Haag, er det enorme moralske spørsmål dette handlar om. Uansett om det er folkemord eller ikkje, er det mange som meiner at det er lovbrot mot menneskeheita som føregår. Det skjedde under Hamas sitt terrorangrep 7. oktober. Det foregår dagleg under Israels krigføring som rammar folket i Gaza no.

Konflikthistoria i dette området går mange tiår tilbake i tid. Den har fått ei ekstremt valdeleg ny omdreiing. No må det bli gjort større endringar i form av varige, trygge, stabile og rettferdige ordningar, der alle har like menneskerettar og menneskeverdet vert grunnlag for fred. Uansett korleis statsordninga blir.

La oss halde fram med å be og arbeide for ein rettferdig fred.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"