– Den norske kyrkja er glad for at regjeringa når målet om 1 prosent av BNI til bistand, men saman med fleire aktørar på feltet er vi kritiske til at bistandspengar i enda større grad vert nytta på ukrainske flyktningar i Noreg.
Det seier internasjonal direktør i Den norske kyrkja, Einar Tjelle, etter at regjeringa la fram sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett i går.
– Vi gler oss over Noreg sine bidrag til humanitær hjelp i Ukraina og ukrainske flyktningar. Samtidig må vi peike på at norsk bistand vert svekka når bistandsmidlar går til å finansiere mottak av ukrainske flyktningar i Noreg. Dette går i praksis ut over menneske i det globale sør som er verkeleg fattige. Dette er noko vi advarte mot for eitt år sidan også.
Tjelle meiner regjeringa sine samarbeidspartnarar og Stortinget må ta grep i forhandlingane om budsjettet.
– I ei tid der Noreg tener svert godt på auka prisar på olje og gass, må Stortinget ta grep for å sikre at ikkje mindre bistandsmidlar kjem til fattige i det globale sør.