Kyrkja syklar til jobben

Meir enn 19 lag med tilsette i Den norske kyrkja er med på Sykle til jobben-aksjonen denne våren.

To av dei tilsette i Bøler kyrkje, som deltek i Sykle til jobben. Foto: Den norske kyrkja

I femti år har Sykle til jobben-aksjonen spreidd folkehelse og aktivitetsglede over heile landet. Det handlar om å sykle til jobben – men all aktivitet gjev poeng. 

Fleire lag av tilsette i Den norske kyrkja deltek på aksjonen.

– Det handlar om berekraft, smil, lagkjensle og sunn konkurranse på jobb, seier kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen. 

Så langt er 19 lag registrert til Den norske kyrkja i systemet, med 75 deltakarar. Det finst lag frå både Bøler menighet i Oslo, Jæren prosti i Rogaland, kyrkja i Borg, bispedømekontoret i Bjørgvin og Kyrkjerådet på ulike stader i landet. 

Aksjonen går frå 3. mai til 16. juni, og det er framleis mogeleg å opprette eit lag! 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"