– I dag ringjer kyrkjeklokkene inn påskehøgtida – vi feirar at Jesus stod opp frå døden.
Det seier Olav Fykse Tveit, som er den leiande biskopen i Den norske kyrkja.
– Ved jul, påske og pinse ringer kyrkja inn høgtida med høgtidsringing i ein time. Det er ein fleire hundre år gamal tradisjon å markere inngangen til høgtida på denne måten.
Den timeslange ringinga skjer kvar påskeaftan, pinseaftan og julaftan i timen før klokka 18. Det er ein tradisjon som har røter tilbake til mellomalderen: Kyrkjeklokkene varsla at no starta høgtida, og dermed at det ikkje var lov å gjere arbeid.
Samlast for å feire at Jesus stod opp att
Preses Olav Fykse Tveit skal sjølv halde preika på gudsteneste i Nidarosdomen på 1. påskedag.
– I ei tid der mange kan oppleve uro i kvardagen, samlast vi i kyrkjene for å feire at Jesus stod opp att, og at kjærleiken er sterkare enn døden.
Ringing med handkraft og automatikk
Tal frå 2018 viser at ringinga skjer manuelt i rundt 40 % av kyrkjene. Då er det ein kyrkjetenar, klokkar eller frivillig som utfører ringinga.
I dei andre kyrkjene er det montert automatisk ringjeanlegg.