– Dei blanke dagane ligg framfor oss!
Slik starta Jepsen si fyrste preike som biskop i Bjørgvin. Det er andre sundag i påsketida, og preika handlar om disiplane sitt møte med den oppstadne Jesus. Jepsen fortel om disiplane som strevde med å finne att livsrytmen etter at Jesus døyde på korset.
Når disiplane etterkvart skjønar at dei har møtt den oppstadne Jesus, forstår dei at liva deira vart endra.
– Det er ei kraft i oppstoda som kallar til forandring. Som kyrkje treng vi å fortelje kvarandre om iver og vilje til endring der evangeliet oppmodar oss til å gå med dei som treng oss, og bli verande hjå dei som ikkje har krefter til å gå, fortsette Jepsen i preika.
Ho seier at vi treng vitnemåla om nestekjærleik i praksis, i dei nære relasjonane og som medborgarar i ei verd som ropar etter rettferd.
– Vi treng å høyre kallet om å stå opp mot uretten; om å vere Jesu hjarteslag i verda.
Månge gåver
Leiande biskop, preses Olav Fykse Tveit leia vigslinga der den nye biskopen avla løfte og vart beden for.
– Du Ragnhild har mykje å kome med, du har mykje å gi vidare, fordi du er den du er. Med dine røter, med dine mange gåver, og no også med di erfaring som prest og domprost i Nidaros i mange år, og ditt arbeid med økumeniske og internasjonale relasjonar. Det er med god grunn store forventningar til di teneste her.
Les heile tala til preses her.
Tilsett av Kyrkerådet
Etter skilet mellom stat og kyrkje er det Kyrkjerådet som tilsett biskopar i Den norske kyrkja. Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum sa då Jepsen vart tilsett tidlegare i år:
– Det er historisk at Bjørgvin har fått si første kvinne som biskop. Ragnhild Jepsen er ein framifrå liturg og erfaren leiar som vil vere med på å utvikle Bjørgvin bispedøme.
På lunsjen etter vigslingsgudstenesta sa kyrkjerådsleiaren i si tale:
– Kjære Ragnhild. Du blir biskop i en verden som dirrer av smerte, og det føles som om det aldri har vært så mye menneskelig lidelse. Du blir en biskop med lang erfaring i å være tydelig i verdispørsmål og i å være en stemme for dem som lider og kjemper for sine rettigheter.
Biskopen i Bjørgvin har ansvar for kyrkja i Vestland fylke. Ho har òg tilsyn med Sjømannskyrkja. Jepsen tek over etter Halvor Nordhaug som gjekk av for aldersgrensa 30. november 2022.