Denne påska sender NRK tre gudstenester frå Stjørdal kirke i Trøndelag. Det er gudsteneste palmesundag, langfredag og 1. påskedag.
Alle gudstenestene går startar kl. 11.00. Du kan sjå gudstenesta på NRK1 og NRK TV, og høyre den i NRK Radio på P1+. Trykk her for å sjå den i NRK TV på nett.
– Dei tre gudstenestene har ulik profil, både innhaldsmessig og musikalsk, seier Kristine Setran. Ho er sokneprest i Lånke sokn og har ansvaret for NRK-påskegudstenestene.
Mange aktørar
Alle gudstenestene går føre seg i Stjørdal kyrkje – men er laga i eit samarbeid mellom dei fire sokna Hegra, Lånke, Skatval og Stjørdal.
Sokneprest Setran fortel at mange ulike aktørar bidreg til gudstenestene:
– Fleire skular og barnehagar har bidrege med utsmykking av kyrkjeromet, i form av teikningar og malte påskeegg. Ein vidaregåande skule deltek med dansarar, og fleire elevar frå kulturskulen deltek.
I tillegg deltek lokale kor og ulike Stjørdalingar vert intervjua på dei tre påskegudstenestene.
Trykk her for å sjå gudstenestene på NRK TV.
NRK sender gudstenester på TV og radio frå Stjørdal på palmesundag, langfredag og 1. påskedag. Foto: Stjørdal kyrkje.