Det er seks nominerte kandidatar, og dei vert presentert tysdag 6. desember klokka 18.00 i St. Jakob kirke i Bergen (Jonas Reins gate 2).
Følg presentasjonen digitalt her:
Dei nominerte kandidatane er:
- Stephanie Dietrich (56), professor ved VID vitenskapelige høgskole
- Sunniva Gylver (55), sokneprest i Fagerborg
- Ragnhild Jepsen (53), domprost i Nidaros
- Nils Terje Lunde (51), nestkommanderande i trus- og livssynskorpset i Forsvaret
- Kjersti Gautestad Norheim (48), sokneprest i Birkeland
- Gudmund Waaler (59), domprost i Bjørgvin
Program:
- 18.00 Opning og innleiing ved direktør i Kyrkjerådet Ingrid Vad Nilsen
- 18.10 Presentasjon, intervju og samtale mellom kandidatane, leia av Magne Vik Ravndal
- 19.00 Musikalsk innslag ved Thea Wang
- 20.00 Avslutning med musikalsk innslag
Etter presentasjonen er det høve til individuelle intervju.
Kyrkjerådet tilset ny Bjørgvin-biskop i sitt møte 9.–10. februar. Les meir om prosessen med å tilsetje ny biskop her.
For presse
Pressa er velkomen til å delta fysisk eller følgje direktesending digitalt. Det er også høve til å bygge inn direktesendinga med embed-kode.
Pressepåmelding til ak547@kirken.no innan måndag 5. desember.