Både paven og preses vert rørt av dette biletet

I si helsing til Kyrkjemøtet fortalde preses om eit heilt spesielt møte med pave Frans. Les heile hans helsing her.

Både paven og preses vert rørt av dette biletet

Les heile helsinga frå preses Olav Fykse Tveit her

Kjære Kyrkjemøte, 

vyrde Statsråd og alle andre gjester!

Mi helsing til dykk i dag er eit bilete, naturleg nok henta frå ei kyrkje. Kyrkjebygga er svært konkrete uttrykk for at vi er ei landsdekkjande folkekyrkje, slik det er formulert i Grunnlova. Men kjærleiken til desse bygga lokalt og bruken av dei talar minst like sterkt om akkurat det. Der vert vår visjon om å vere ei opa, tenande, vedkjennande og misjonerande folkekyrkje realisert året rundt, om nokon skulle vere i tvil om det. 

Sidan sist Kyrkjemøte har våre kyrkjebygg, som til dagleg vert tatt godt vare på av Fellsråda og kyrkjeverjar, har fått tilgang på nye friske midlar frå det nyetablerte Kyrkjebevaringsfondet. Det er eit resultat av kloke vedtak om bruken av det gamle OVF-fondet. Som styreleiar der er det ei spesiell glede å sjå at mange store og nødvendige tak kan no gjennomførast. Særleg prioritet har det at steinkyrkjer frå mellomalderen skal vere i stand til 2030. Dei er spesielt strategiske for vårt arbeid framover no med å synleggjere kva tusenårsjubileet betyr – og kan bety for vår framtid. Det unike samarbeidet med Riksantikvaren, KA og Kyrkjerådet i dette styret, som har sekretariat her i Trondheim, er eit godt teikn på at vi saman tek vare på og formidlar verdiane i kyrkjebygga for komande generasjonar. 

Kyrkjebygga fortel oss at kyrkja er overalt i Noreg, men provar også at vi tilhøyrer ein større samanheng med røter i Jerusalem, Betlehem, Roma, Konstantinopel og Wittenberg. Vi tilhøyrer eit økumenisk og verdsvidt fellesskap. Truvedkjenninga frå Nikea som vi feirar i år, seier også at kyrkja er èi, heilag, apostolisk og «katolsk». Det tyder at den høyrer til overalt, og til ulike tider og generasjonar, og difor også for alle. Slik sett er den «allmenn», som det heiter på norsk.   

Men så var det biletet, som ikkje er henta frå ei norsk kyrkje. 

Dette er frå ei kyrkje (Notre-dame de Toute Grâce du Plateau d’Assy) i dei franske alpane, som eg ofte besøkte i tida då eg var generalsekretær i Kirkenes Verdensråd. Ho var bygd nær fleire tuberkulose-sanatorier. Dei mest kjende kunstnarar i Europa på 1930-talet har fylt henne med unik kunst. Presten som sto bak, var overtydd om at dei som var sjuke, fortente det beste som kunne gi dei håp. Og kunstnarane stilte opp og gav dei det. Bileta derifrå får ein ekstra aktualitet i den tida vi lever i, med det som no skjer og som minner om den kritiske perioden i Europa.

Mitt favorittbilete er altså dette, som er av den heilage Frans. Han som reformerte og fornya kyrkja ved å vise at Gud bryr seg om dei fattige, at evangeliet fornyar vår tru og vårt forhold til skaparverket, at kyrkja lever og vitnar gjennom trufast bøn og teneste for nesten, og at det er eit kall å leve i fred, også med menneske av ei anna tru. 

Frans er framstilt med eit mangfald av fargar. Slik viser han at einskap i kyrkja er nettopp i og med det mangfaldet som gitt oss av Skaparen, foreina i Frelsaren og gitt liv av Anden. Hans kropp går i eitt med alt det skapte, skogen og fuglane og blomane. Det er eit lurt smil der, til oss. 

Eg la ein dag fram eit avtrykk av dette biletet på bordet for kollegaene mine i Kirkenes Verdensråd. Eg ville gje oss ein felles visjon, eit bilete, på det vi heldt på med der, men også på kva det er å vere kyrkje, uansett kvar ein er i verda. 

Den same kvelden såg eg på nyheitene at det var vald ein ny pave, og at han tok namnet Frans.

På mitt første møte med han åleine, nokre månader etterpå, fortalde eg dette og viste han det samme biletet. Han smilte, vi vårt litt rørt begge to, og kjende at vi delte noko som var større og sterkare enn oss. Han ba om å få biletet. Det var berre eit kort eg kjøpte i kyrkja der eg fann det. Men han ville ha det, og fekk det. 

Pave Frans viste i si gjerning kvifor han tok namnet Frans. Slik vart han ein kyrkjeleiar som hadde hjarte for dei fattige, flyktningar, dei som var ramma av urett, okkupasjon, diskriminering, krig, klimaendringar. Han leia oss som kyrkjer i å ta ansvar for skaparverket. «Laudato Si», teksten han gav ut i 2015, med namn frå fyrste linje i Frans sin solsong, har sett sitt preg på Parisavtalen og oppfølginga av den. 

Eg møtte pave Frans elles fleire gonger når vi skulle byggje og styrke relasjonar mellom søsken også i andre religionar, ikkje minst til muslimar i Midt-Austen. 

Pave Frans ville få fram kva vår tru på Kristus betyr i vårt liv i verda i dag. Og han forkynte også den oppstadne Kristus. Han var åndeleg og praktisk. På slutten av kvar einaste tale eller samtale, sa han: «Be for meg!»  Han viste at han trengte fellesskapet og banda som bønene knyter mellom oss. 

Kjære Kyrkjemøte og gjestar! Vi har sendt brev til dei tre biskopane Bernt, Erik og Fredrik og lova at vi skal hugse dei og våre trussøsken i den katolske kyrkja i våre bøner. 

Pave Frans og hans liv og gjerning har vore og vil vere til inspirasjon og til utfordring for alle kristne, også for oss. Han viste at kyrkja er overalt og til alle tider kalt til å vere eitt i sitt mangfald, når vi vedkjenner trua på den treeinige Gud, og vi tar går saman i arbeid og bøn. «Walking, praying, and working together» vart mottoet for hans besøk til Kirkenes Verdensråds sentralkomite i 2018. 

Vi skal markere vårt mangfald og vårt kall til å gå saman og arbeide saman på gudstenesta på sundag, som eitt av fleire steg i oppfølginga av rapporten om sanning og forsoning i vårt land og i kyrkja vår.

Pave Frans gav oss mot til å vere ærlege, og til å be Gud og kvarandre om tilgjeving, og til å gå vidare saman audmjukt og frimodig. 

Eg håpar og ber at vi som Den norske kyrkja i vår tid, når vi førebur oss på å feire tusen år som kyrkje og nasjon, kan bære denne vår felles arv vidare i våre oppgåver,  og prioritere å vere kyrkje som er til for andre, for skaparverket, for alle folk. Til Guds ære.   

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"