Medan demonstrantar deltek på markeringar i Oslo, manar preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit til fridom og respekt for skilnadar Gud har skapt.
- Rasisme er ein brutal røyndom, og den spreiar seg igjen med ei stor kraft, seier han.
Han gir sin støtte til fredelege demonstrasjonar mot rasisme.
- Mangfaldet som Gud har skapt oss med og til, er vorte skiljer, diskriminering og konflikt. Rase er ein konstruksjon. Vi får ikkje puste, seier han.
Rasisme finns overalt i verda, meiner Fykse Tveit. Han lengtar etter ein fridom der alle kan vere seg sjølve. I følgje han, viser dei skremmande bileta frå Amerika at det motsette pregar livet akkurat no.
Han meiner kyrkja har ei viktig oppgåve i å stå opp for dei undertrykte i heile verda.
- Vi står saman med vår søsterkyrkje ELCA i USA i deira kamp mot rasisme. Den fredelege kampen er eit uttrykk for kva det betyr å vere kyrkje. Våre bøner er med dei som strever for rettferd og fred, avsluttar han.
Fykse Tveit preika om dette tema på pinsedag i Nidarosdomen for berre nokre få dagar sidan. Preika kan du lese her.