Då kan du kontakte nokon i kyrkja di. For sjølv om kyrkja sine aktivitetar er avlyst, er dei kyrkjelege tilsette på jobb. Kyrkja sine tilsette har lang erfaring med å snakke med menneske i glede og sorg.
Ta kontakt med ein som arbeider i kyrkja eller din lokale kyrkjelyd om du ynskjer samtale! Nokre tilbyr å kome på besøk, medan andre tilbyd telefonsamtalar, videosamtalar eller chatting. Skriv inn di adresse i søket på kyrkja.no for å finne kontaktinfo til ei kyrkje nær deg!
Her finn du nokre andre samtaletilbod på chat eller telefon for barn og ungdom:
Alarmtelefonen for barn og unge 116 111
Fleire barn har det ikkje bra heime, dei opplever lite omsorg og er utsette for overgrep og vald. Har du det slik heime? Eller kjenner du nokon som har det slik?
Ring Alarmtelefonen på 116 111. Dei vil hjelpe deg. Ring sjølv om du er i tvil! Erfarne vakter tar telefonen hele døgnet. https://www.116111.no/blog/pressemelding
Chat på nettkyrkja.no
Hjå nettkyrkja kan du chatte med prestar og diakonar om det du har på hjartet. Prestane er gode samtalepartnarar og er pålagt teieplikt. Du kan òg be bøner og tenne lys.
Samtale, melding eller chat med Kirkens SOS
Kirkens SOS har dyktige frivillige for samtale, om alt som skjer i livet. SOS Telefon er ope frå 07.00 til 03.00, SOS Chat er ope frå 18.30-22.30 og SOS Melding garanter svar innan 48 timer.
Blå Kors Chat-senter
Chat 100% anonymt med ein trygg vaksen. SnakkOmMobbing.no og SnakkOmPsyken.no er nasjonale chat-tenester for barn og unge mellom 9 og 19 år. Her kjem du i direkte kontakt med ein fagperson, heilt gratis og heilt anonymt.
SANKS/SANAG - Samtaletjeneste for barn og unge på samisk
SANAG (Sámi našunála gealboguovddáš - psyhkalaš dearvvašvuohta ja gárrenmirkkut) fállá ságastallanvejolašvuođa mánáide ja nuoraide vuollel 18 jagi davvisámegillii dahje dárogillii.
Sii leat olámuttus telefonnummaris 78947500 árgabeivviid gaskkal dii 0900-14.00.
SANKS (Samisk nasjonal kompetansetjeneste - psykisk helsevern og rus) tilbyr samtaler for barn og unge under 18 år via Skype og telefon på nordsamisk eller norsk.
De er tilgjengelig på telefon 78 94 75 00 alle hverdager mellom kl. 09.00 og 14.00.
Kors på halsen – Røde kors-telefonen 800 333 21
https://korspaahalsen.rodekors.no/
Kors på halsen er ei teneste der du kan spørje om det meste. Du kan nå dei på telefon, e-post, chat eller i forum på nett. Dei som svarar er frivillige i Røde Kors med god opplæring i å lytte, snakke og støtte barn og ungdom. Dei har taushetsplikt om det du fortel. Både dei og du er anonyme. Det betyr at ingen veit kven du er eller kven det er som svarar. Hjelpetelefonen er gratis å ringe til både frå mobil og fasttelefon.
Kontaktinformasjon til fleire organisasjonar som passar for ulike situasjonar finner du her.