Skal revidere gravferdsliturgien i kyrkja

Den norske kyrkja startar no arbeidet med å gå gjennom og revidere gravferdsseremonien.

– No er det på tide å vurdere endringar i gravferdsliturgien, seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum (foto: Den norske kyrkja).

Gravferdsliturgien gir rammene for ein gravferdsseremoni i kyrkja: Tekstar, salmar, minneord og talar – og rekkefølgja på desse. No har Kyrkjerådet sett i gang ein prosess med å gå gjennom og revidere liturgien. Noverande liturgi er frå 2002.

– Ein gravferdsseremoni skal romme eit spekter av kjensler og livserfaringar: sorg, glede, sinne, takksemd og håp, seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum.

– Vi set i gang arbeidet med å revidere gravferdsliturgien med bakgrunn i fersk forsking, spørjeundersøkingar og tilbakemeldingar frå tilsette, deltakarar og andre aktørar. Både samfunnet og kyrkja har endra seg dei siste 20 åra, og no er det på tide å vurdere endringar i gravferdsliturgien.

Prosessen for å revidere gravferdsliturgi er ein grundig og involverande prosess, der både fagmiljø, biskopar, kyrkjemusikarar, folkevalde og alle som ynskjer, skal kunne bidra. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"