Bilmesse til inntekt for ny kyrkje

Frivillige i Ulstein kyrkje, Nyekyrkjekarane, arrangerer den største bilmessa på Nordvestlandet i Ulsteinvik. Pengane går til ny kyrkje i Ulstein og kyrkja sitt arbeid for barn og unge. Sjå bilete frå dagen her.

Over hundre bilar var utstilt på Ulsteinmessa, 10. juni 2023. Foto: Svein Arne Orvik.

Ei gruppe med frivillige, som kallar seg Nyekyrkjekarane, arrangerer årleg den største bilmessa mellom Bergen og Trondheim, i Ulsteinvik. Overskotet frå familiearrangementet går til kyrkja sitt arbeid for barn og unge og eit nytt kyrkjebygg i Ulstein.

Laurdag 10. juni var det strålande sol på Sunnmøre, og fleire tusen deltakarar kom på den store bilmessa for heile familien.

I tillegg til over hundre utstilte bilar var det sceneprogram med tryllekunstnar Hedné, auksjon og song frå fleire av kora i kyrkjelyden. Ordføraren opna messa – og fleire frivillige lag og organisasjonar stilte opp. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"