Supplert bispekandidat i Bjørgvin

Kjersti Gautestad Norheim, sokneprest i Birkeland kyrkjelyd, er supplert kandidat som biskop i Bjørgvin. Kyrkjerådet skal tilsetje ein av seks kandidatar i februar.

Kjersti Gautestad Norheim er supplert kandidat til biskop i Bjørgvin. Ho er til dagleg sokneprest i Birkeland kyrkjelyd. Foto: Gyrid Cecilie Nygaard.

Halvor Nordhaug er blitt pensjonist og i februar skal Kyrkjerådet tilsetje ny biskop i Bjørgvin.

Bispedømerådet i Bjørgvin har nominert fem kandidatar, og no er Kjersti Gautestad Norheim supplert som kandidat. Etter reglane er det høve til supplerande nominasjon, og kravet for å supplere, minst hundre stemmer, er oppfylt. 

Dei seks kandidatane skal verte presentert på eit arrangement i St. Jakob kirke i Bergen, tysdag 6. desember kl. 18.00. Denne presentasjonen er open for alle. 

Etter dette startar ei rådgjevande avstemming, der mellom anna sokneråd, ungdomsråd, prestar, prostar,vigsla kateketar, diakonar og kantorar kan avgje stemme. Dei tre kandidatane med flest stemmer går vidare i prosessen. 

Kyrkjerådet skal gjere tilsetjing på møte i Bergen, 10.–11. februar 2023. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"