To av tre vil innom kyrkja i desember

Med konsertar, gudstenester og opne kyrkjer inviterer Den norske kyrkja til julefeiring. – Kyrkja og julebodskapen betyr mykje for folk, seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum.

To av tre har planar om å vere innom kyrkja eller kyrkjegarden i løpet av desember (illustrasjonsfoto Ellevill / Den norske kyrkja).

Desember byr på mange aktivitetar knytt til advent og jul, og mange har planar om å delta på det som skjer. Sjå kva som skjer på skjerikyrkja.no.

To av tre har planar om å besøke kyrkja eller kyrkjegarden i løpet av desember. Det viser tal som Opinion har henta inn på vegne av Den norske kyrkja.

Viktig bodskap i ei uroleg verd

– Kyrkja og julebodskapen betyr mykje for folk, og vert kanskje ekstra viktig i år, seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum.

Ho trur bodskapen blir viktig i ei stadig meir uroleg verd:

– Kyrkja er eit rom å kome inn i, med ei forteljing om at Gud ikkje har snudd ryggen til verda. Lyset skin i mørket, og mørket har ikkje overvunne det, står det i Bibelen.

Ein av fire på julekonsert

Undersøkinga viser at ein av fire planar om å delta på julekonsert eller anna kulturarrangement.

– Musikken har stor betyding for å få formidla julebodskapen, og mange har julekonsertar som ein viktig del av sine juletradisjonar, seier Raaum. 

Les meir om julefeiring i Den norske kyrkja på kyrkja.no/jul

 

Oppdatert 21.12.23 med nedlastbar tabell.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"