Våpenkvile og eit mennskeverd i ruinar

Den norske kyrkja sin leiande biskop meiner våpenkvilen mellom Hamas og Israel må vere første steg på slutten av ein grusom krig der menneskeverdet ligg i ruinar.

Fredag 24. november starta våpenkvile mellom Israel og Hamas. – Det burde skjedd før, meiner preses Olav Fykse Tveit. (Foto Bo Mathisen / Den norske kyrkja).

Olav Fykse Tveit, den leiande biskopen i Den norske kyrkja, meiner våpenkvila mellom Hamas og Israel er viktig for at sivile får tilgang til naudhjelp og det må markere starten på fredsprosessar, sjølv om partene seier at krigen ikkje er over. 

– Ei våpenkvile må vere eit første steg på vegen mot at krigen i Gaza kan ta slutt, seier Fykse Tveit.

– 14.000 menneske har blitt drept av bomber i Gaza, og enda fleire har blitt skadd, sett sine bli skadd og drept, og lidd under ein blokade av livsnødvendige forsyningar. Israelarar har vore fanga og levd som gissel med all den angst det inneber for dei sjølve og familien. Dei må setjast fri. 

– Mange er traumatisert av alt dei har sett, høyrt, lukta og følt dei siste vekene. Heimane deira ligg i ruinar.

Menneskeverd i ruinar?

Preses spør seg også om kva plass menneskeverdet har i verda:  

– Det er ikkje berre hus som er blitt til ruinar, i Ukraina, i Jemen, i Gaza. Er menneskets verd i denne verda også i ferd med å hamne der?

Han meiner det er viktig, både som kyrkje og medmenneske, å arbeide for fred.

– Vi må samle oss, i bøn og arbeid, for alt som kan gjerast for å berge, verne og hjelpe menneska som lir. Eit liv i Gaza eller Israel er like mykje verdt som eit liv i Noreg.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"