– Vi er glade for at så mange tek seg tida til å delta på møtene og gje sine innspel til prosessen. Vi har fått mange gode tankar og spørsmål frå frivillige, rådsmedlemmar, tilsette og andre, og det gjer prosessen betre, seier Morten Müller-Nilssen, som leier hovudutvalget i prosjektet.
Stor entusiasme
Frå studio i Kirkens hus i Oslo inviterer prosjektleiinga både tilsette, rådsmedlemmer og frivillige til å delta i avstemmingar, stille spørsmål og lage ordskyer. Oppgåvene som vert gjeve er utarbeidd av dei ulike arbeidsgruppene, som ynskjer svar på ulike problemstillingar, knytt til ny organisering av kyrkja.
På eitt enkelt møte for tilsette deltok 917 personar aktivt i å komme med tilbakemeldingar – så mange at verktøyet strevde med å holde følge! Svært mange av deltakarane oppga at dei satt saman med ei gruppe kollegaer for å sjå møtet.
Til slutt i alle møtene kan alle deltakarane stille spørsmål til prosjektleiinga. Det kjem mange gode spørsmål og innspel som møteleiarane ikkje rekk å svare på, difor vil det bli publisert oppsummeringar og svar på ulike spørsmål på kyrkja.no/kirkeligorganisering i tida som kjem.
Eitt møte att
Siste moglegheit for rådsmedlemmer, frivillige og andre interesserte til å delta på eit innspelsmøte er 17. september klokka 17. Informasjon om møtet finn du på kyrkja.no/kirkeligorganisering.